


Eg heiter Svanhild Latorre Weibel, og står bak Atelier Adelante. Ser på livet og kunsten som ei oppdagelsesferd, og har allerede funne mange skattar på veien.
Skattane blir ofta oppdaga og inspirert av
dei «små», nære ting i kvardagen.
I min ungdom, trudde eg nok at livet og planar
skulle føra meg strake veien, rett mot mine mål.
For ungdom tenker vel ofta sånn.
Men heldigvis har livet gitt meg svingar
på veien.
I ein av desse svingane, budde eg i Nicaragua i Mellom Amerika. Der blei vi alltid ønskt velkommen inn til folk med ordet «Adelante!»
«Adelante!» kan og bety Framover!
Eg likar dei to betydningane av ordet:
-Framover!. minner meg på at det det handlar om, er å heile tida strekka seg sjølv lengre. Læra meir. Utvikla seg. Prøva, feila, prøva igjen.
-Velkommen inn!, minner meg på å la andre
få lov til å ta del i denne prosessen.
Derfor valgte eg å kalla foretaket mitt:
Atelier Adelante
Om meg



Adelante!
- Stå på framover!
Velkommen inn for å ta ein kikk på mine arbeider, og til å ta del i mi oppdagelsesferd!
Svanhild L.W.