
UTSTILLING
19.7-4.8, 2024
på Ablane Gard

Ka skjer?
ARKIV
2023:
16. sept. - 27. okt.
KUNSTUTSTILLING "Pust"
på Tante Emmas hus.


"PUST":
«Den viktige pusten vår blir ofta påvirka under stress, og arbeidet med detta prosjektet, blei ein av mine måtar og på ein positiv måte, finna ro i ei utfordrande tid.
I 2020, i starten av pandemien, når alt var nytt, usikkert og skremmande, lagde eg små skisser og ord der det forhatte viruset fekk all oppmerksomhet. Kanskje på ein ironisk og morsom måte, men eg blei lei av at både ute og heima i skisseboka, skulle alt dreia seg om det negativa.
Så fra mine turar i naturen, som regel i nærområdet, plukka eg med meg heim ei lita grein, ein blom, ei kongla, og jobba så stille fram desse bildene du ser på utstillingen. Å ha denna konkreta oppgava å gå til daglig, innimellom min jobb på omsorgsboligen, gav meg ein viktig ro og meining, mens alt rundt oss var så kaotisk.
Bestemte meg for at det skulle bli 52 bilder, eit for kvar veka gjennom eit år. -Vi står nå igjen i utfordrande tider som kan fylla oss med bekymringer, og eg håpar at desse stille, nesten kviskrende bildene kan væra med å gi ro.
At dei kan minna oss på og pusta når vi sjølve nesten gløymer det, og kanskje inspirera til å leita fram dei små, konkrete stegene kvar av oss kan ta for modig å gå vidare. Og til fortsatt å søka ro og styrke i naturen.»
Teknikk "Pust": akvarell/blyant. Malt på 300g bomullsark, 23x31 cm.





2021:
2. JULI - 18. JULI
PÅ IDYLLISKE ABLANE GÅRD
5 minutters spasertur fra gården eg vaks opp på, og 5 minutters kjøretur fra Rosendal, skal eg ha utstilling sommaren 2021. (den blei dessverre utsatt eit år pga Corona-pandemien.)
Denne utstillingen vil gje eit tilbakeblikk på tidligare arbeider, i tillegg til at eg vil visa ting eg jobbar med nå.
Eg har valgt å dela den inn i tre områder:
OLJEMALERI:
Etter mange år vekke fra oljemaling, tok eg det opp igjen i 2018. Eg har vært opptatt av å få meir kunnskap, og var glad for å oppdaga at på internett kan du nå finna gode kurs til det mesta. For meg førte det til at eg kunne mala stille og fredelig i mitt eige atelier, mens eg fekk undervisning og oppfølging av mangeårig Nerdrum-elev Jan Ove Tuv. Eit ekstra pluss var det og å bli kjent med «med-studentar», og væra del av eit malefellesskap.
Maleriene eg stiller ut er hovedsakelig stilleben fra denne perioden (2018-2020).
ILLUSTRASJONAR OG AKVARELL/TUSJARBEIDER
fra bøkene «Javel?» og «Ka i alle dagar…?» som eg gav ut i 2015.
BLOMAR m.m.:
Å gå inn i den gode stillheten ved å overføra ein blom/planta som eg har framfor meg, til papir eller lerret, ser eg i ettertid alltid har vore med meg. Har blitt dratt mot det. Naturen. Takknemligheten. Det stora i dei tilsynelatande små ting rundt oss.
Dette har eg lyst å verdsetta på denne utstillingen ved å fylla eit heilt lite hus med noken av desse arbeidene, både raske skisser og meir tidkrevande arbeid.
Sjå meir under akvarell og blyant.
![]() |
---|
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
2017:
2. JULI - 13. AUGUST
UTSTILLING PÅ FOTLAND MØLLE
Her stiller eg ut bilder fra boka "Javel?", nå i ein ny versjon i akvarell/tusj med utdrag av teksten med på bildet. Utstillingen har åpent kvar dag kl. 12-17.
Søndagane er det salg av kaffi, saft og lappar.
Velkommen! Sjå plakat her>>
Adresse: Fossevegen 176, Bryne
9. MARS - 2. APRIL
UTSTILLING PÅ FRIDA HANSENS HUS
Utstilling av orginaltegningar fra bøkene "Ka i alle dagar..."? og "Javel?" + ein ny versjon i glade akvarellfargar!
Åpning 9. mars kl. 18.00
Åpningstider:
Mandag, torsdag og fredag kl. 10.00 - 15.00
Søndag /stengt 26. mars) kl. 11.00 - 14.00
Adresse: Frida Hansens vei 7, 4016 Stavanger
Velkommen! Sjå folder her >>
2016:
3.-28. MAI
UTSTILLING I BÅDEOG-KAFEEN I SANDNES
"Etter vinter blir det vår!"
Det blir stilt ut akrylmaleri og blyanttegningar.
Velkommen!
Adr. Oalsgt.2, Sandnes
Åpningstider: tirsdag til fredag 11-16 lørdag 10-15
2015:
17. JUNI KL. 16.00 - 20.00
BOKLANSERING OG FEIRING
Feirar bokutgivelsen med åpent hus:
Bergeland Bydelssenter
Jelsagt. 2, Stavanger
Velkommen!
18. JULI KL. 12.00 - 17.00
BOKLANSERING OG FEIRING
Feirar bokutgivelsen med åpent hus:
Skeisvegen 51, Seimsfoss i Kvinnherad
(nabobygda til Rosendal).
Velkommen!
6. - 9. AUGUST
ETNEMARKNADEN, ETNE
6. - 7. NOVEMBER
PWC-MESSA, SOLA
9. NOVEMBER
LITTERATURUKA PÅ STING